søndag 19. august 2012

Solotur til Rønningen

Var litt seint ute (dette internettet ...), men venta i busskuret ved Granåsen ca til 12:35 på at evt. nokon som litt betre enn underteikna representerer R'en i RSP skulle dukke opp. Akkurat då kom det ein syklist, men det var nok ikkje "rette sorten".

Så det vart solotur til Rønningen, som ca 10. august (avvik mellom nettsida og oppslag) opna etter sommarstengt. Etter berre ein sykkeldag etter sommarferien (fredagen) vart det antatt (med rette, etter sveitteutbrotet å døme ...) å vere langt nok, men kom meg heilt opp utan å sette foten i bakken.

Kaffepause med noko attåt ca 13:00-13:30, før retur ca same vegen (returen ikkje heilt representativ, for måtte innom Bunnpris Ugla (dagens tekstreklame) for å handle).

Etter eit relativt heftig regnver på føremiddag, slutta det faktisk å regne under pausa på Rønningen. For så vidt etter meldingane, men kanskje litt tidlegare enn venta (truleg det som var hovudgrunnen til relativt lite folk på tur). I staden låg tåka tett over toppane, i alle fall var ikkje Gråkallen synleg. Så returen skjedde i opplett, men med regnbukse, så litt usikkert om fuktigheita mest kom utanifrå eller innanifrå ...

Faktisk gjorde sola eit desperat, men fånyttes forsøk på å kome gjennom før eg var heime ca 14:00. Uansett, godt med ein dusj!

Helge M

2 kommentarer:

  1. I alle dagar - skriv du nynorsk?

    SvarSlett
  2. Helge M, som var eneste deltager i dag, skriver på nynorsk.
    Jeg (Svein Erling) var på kordirigentkurs, som prøvekanin (kordeltger), og kunne derfor ikke delta på dagens RSP-tur.

    SvarSlett