søndag 23. juni 2013

Solotur til Rønningen

Det er kanskje å dra det litt langt å involvere RSP, for verken tidspunktet eller deltakinga stemde heilt, men det vart i alle fall ein sykkeltur i varmen. Og det med berre t-skjorte og kort"erma" sykelbukse. Hadde nemleg besøk til kl 14., og ettersom nokre svarte skyer trua i vest, vart det berre ein kort ein, og altså til Rønningen.

Men verken skyene eller åpningstidene på R. vart noko problem, tvert om var det både godt og varmt i solveggen og nesten ikkje folk å sjå. Kanskje fordi dette var siste åpningsdag før sommaren? Rønningen åpnar nemleg no ikkje før 9. august.



Helge M

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar