søndag 14. oktober 2012

Solotur til Rønningen

Har mine mistankar om kven dei to første er, men lurer veldig på kven den tredje indisponerte kan vere (tolkar nemleg meldinga som at det ikkje dreier seg om Anita). Fekk forresten meldinga rett før eg for ut døra, ca 1 1/2 t forseinka.

Med denne informasjonen, og ettersom eg var sjuk førre helg (smitta via virusinfisert SMS frå Svein Erling?) og av same grunn heime frå jobb både måndag og tirsdag, tok bussen onsdag og køyrde bil torsdag, fann eg ut at "ein roleg solotur" til Rønningen kunne vere eit OK alternativ på ein slik fin dag.

Og det var det visst fleire som hadde funne ut, reine folkevandringa i finveret (P-plassen på Smistad omtrent smekkfull), og ikkje heilt enkelt å finne sitteplass verken inne eller ute. Men enkle sjeler på enkle stolar let seg innpasse dei fleste stader...

Faktisk enkelte hotspot (eller kanskje heller det motsette) med tendensar til frost, ma. under skibrua ved Granåsen (skummelt!) og Kåttåtjønna, som eg trur hadde eit tynt islag. Neppe sikkert, men det ber vel teikn på kva som er i vente. Stakk innom Granåsen på heimvegen, men enten var "sommar"hopprennet alt over, eller så var det avblåst, for det gjorde faktisk det!

Helge M

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar