søndag 6. april 2014

Solotur til Rønningen med sommardekk

Utan avtale var det kanskje ikkje anna å vente, men etter å ha venta ved Granåsen til ca 12.35 vart det solotur til Rønningen. 30 m langt felt med snø på høgste punktet og eit vesentleg kortare parti med snø nederst i siste bakken opp mot Rønningen, ellers bart på grusvegen frå Smistad (i alle fall ei stripe midt på), men relativt vått. Men årets første tur utan piggdekk (la om i går) var i alle fall ikkje noko problem. Etter kanelbolle og kaffe (inne, fullt utandørs), barst det same vegen tilbake. Minst like mykje folk i farta då som tidlegare på dagen.

Helge M

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar