søndag 30. oktober 2011

Åleinetur til Rønningen

Vart "singel-tur" frå Helge M si side denne søndagen. Fekk uventa besøk ved ordinær avgang, så avreisa frå Rydningen vart ikkje før 13:00. Hadde då prøvd å lure Helge Ø via SMS til å møte ved Granåsen 12:30, men trur ikkje han beit på kroken. Såg han i alle fall ikkje.

Uansett, forseinka som eg var, sykla i eitt til Rønningen, ca 7,3 km iflg. sykkel-computer, på knappe halvtimen. Gråver, antydning til blått innslag i vest. Ca 40 min pause (kaffe+vaffel) i 2. etg. på Rønningen, samtidig som eg las meg opp på Sylan frå TT-brosjyre.

På heimturen (same distanse, ca 20 min) lett regn, sjølv om det også då var enkelte blå innslag. Relativt stor trafikk i marka, så det vart ein del slalåm mellom barnevogner etc. Om ikkje "alle" var samde om at turen var fin, så var i alle fall underteikna det. Passe tmp., ca 8-9 °C. Total varigheit 90 min.

Helge M

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar